STILLING · 6. november 2026
Barnehagelærar 100% Valle og Hylestad barnehagar,Valle kommune
Valle kommune, Valle. Søknadsfrist: 22. november 2026.
Vil du ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle ein barnehage der omsorg, inkluderande leik og meistring står sentralt? Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen. Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barnehagelærar til eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til og med 8. august 2027. Saman med pedagogisk leiar får du medansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet.Me arbeider med kunnskapsmodellen som eit felles fagleg grunnlag, med barnet sine behov som utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med føresette. …
Kjelde: Valle kommune. Les heile utlysinga og søk på 480000.webcruiter.no ↗
